Tips!
Sjå bileter frå tidligare turar.
4 dagar
Middels
15+
6500
Tema for kuset
Har du ein draum om å krysse Grønland, Finnmarksvidda, eller ein telttur over Hardangervidda? Da har du funnet rett kurs! Kurset går over 5 dager i Tafjordfjella/Reinheimen nasjonalpark, og i forkant vil vi ha ein digital kurskveld på nett for å gå gjennom turplanlegging og nødvendig utstyr. Sjølve kurset har oppmøte på Billingen Seterpensjonat kl 18:00, kor vi går gjennom siste forberedelar som gruppe, og ladar opp med ein tre-retters middag middag. Vi tilbringer første natt inne på Billingen, mens resten av kurset foregår i høgfjellet for mest mogleg praktisk læring.
Målet med kurset er at deltakarar etter endt kurs skal kunne både planlegge og gjennomføre ein tur i vinterfjellet på eigenhand. Kurset skal gjere deltakarane tryggare på det å ferdast i vinterdekt landskap, samt få kjennskap til kva tiltak ein kan gjer i forkant og under tur for å redusere risiko. I tillegg vil vi gå gjennom grunnleggande førstehjelp og kameratredning i fjellet for å gi deltakarane det verktøyet som trengs dersom uhellet er ute. At førstehjelp og skredkunnskap er inkludert, gjer dette kurset meir heildekkande enn andre tilsvarande ekspedisjonskurs.
Kurset har tre instruktørar med erfaring frå ekspedisjonar på Grønland og Svalbard, samt utdanning innan redningsmann og skred.
Dette kurset passar for deg som ønsker å bli tryggare og bedre forberedt for turar i vinterfjellet! Det krev ingen forkunnskap innan ferdsel i vinterfjellet, overnatting i telt eller bruk av primus. Kurset krev grunnleggjande ferdigheiter på ski, og at deltakarane kan meistre lange dagar med aktivitet. Aldersgrensa på kurset er 15 år med skriftleg tillatelse frå foresatt. Det er ein fordel at du er i normal god form, sjølv om vi ikkje vil bevege oss over lange distansar kvar dag. Det er ikkje eit krav at du har gått med pulk tidligare. Dagsetappane er av varierande lengde, og vêr og føre vil legge føring for framkomelegheita og kor krevjande kurset blir. Ved utfordrande vær vil vi bo på hytte på Billingen i 1-2 netter mot et pristillegg på 1000 kr. Dette vil påmeldte deltakere få beskjed om, og valg om å avbestille uten kostnad.
Førstehjelpsutstyr:
Transport: Ein kan kome seg til Billingen med Nordfjordekspressen fra Oslo/Otta/Måløy/Stryn, eller kjøre sjølv.
På bakgrunn av villreinen sitt leveområdet kan vi undervegs på turen måtte legge om ruta for å ikkje forstyrre dei. Vi er i tett dialog med SNO i forkant av turen, og våre lokalkjente guidar vil då finne ei alternativ rute.
Ta kontakt med oss dersom du har behov for å leige vinterutstyr som telt, primus, pulk, skredutstyr.
Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.
Digital planleggingskveld 18-19:30
Oppmøte på Billingen kl 12:00. Praktisk pakking av pulk og fellesutstyr før vi bevegar oss inn i fjellet for dagens første camp. Vi vil også i fellesskap gå igjennom dagens etappe. Framme i camp vil kart, kompass og bruk av GPS være tema.
Overnatting på Billingen i forkant av oppmøte kan organiserast på forespørsel.
Vi startar dagen tidleg for å være klar til gjennomgang av rutevalg, terrengvurdering og dagens risikomoment når dagen lysnar. I dag vil alle deltakarar få prøve seg på navigering og praktisk bruk av kart, kompass og GPS. Etter lunsj blir det skredkurs med fokus på nordisk ferdsel.
Nødbolig og førstehjelp er dagens tema. Avhengig av vær og vind so vil vi før og etter lunsj gå gjennom overnevnte tema. Kurset er igjen praktisk retta, og vi vil gå igjennom dei ulike tema mens vi er i bevegelse.
Siste dagen bruker vi stort sett til å forflytte oss ut av fjellet. Vi kommer til å rette fokus mot nye ferdigheter og hvordan du kan få gode rutiner som gir økt trygghet og sikkerhet i fjellet. Planen er å være tilbake ved bilen ca kl 16:00. For å få mest mogleg praktisk læring legg vi førstehjelpsdelen til siste dag. Dette er nettopp for at ei ulykke eller uforutsett hending kan skje når som helst, kor som helst. Nokon har kanskje hørt om "siste-dag-syndrom?"