Tips!
Vi tilbyr gåvekort som du kan gje til nokon du er glad i.
I eit naturrikt land som Norge kan ein ikkje oppleve natur utan kultur, og motsatt. Takka væra lokalsamfunn, ildsjeler, bidragsytarar, besøkjande, deg og meg, kan vi i fellesskap bidra til aktivitet som bevarar vår natur og kulturarv. Vår visjon er å skape opplevingar på naturens premissar med hensynog hensikt til bevaring av naturmiljø, lokalsamfunn og kulturarv. Dette fokuset har vi i alt frå forretnings-struktur til detaljert turplanlegging.
Friluftsmiljøet har dei siste årea fått mykje kritikk rundt tema bærekraft. Eventyrlysta hos oss mennesker kjem aldri til å forsvinne, so når ein først skal ut på tur - so er det vel godt å vite at di oppleving kan gjere noko positivt?
Ræin starta over ein kollega-kaffe midt i Storgata 3 i Oslo! Eigarane bak bedrifa, Carl og Britt, møttes tilbake i 2015 på kontoret til DNT Oslo som turvegleiararar. I nærmare 7 år var turplanlegging, tur-administrering, risikovurdering og turvegleiing i store delar av Norge for både Nordmenn og utanlandske gjestar dagleg ansvar. Fritida brukte Britt på lengre skiturar i Arktis, mens Carl spesialiserte seg i det alpine landskap. Kajakkturar på Oslo-fjorden eller klatreturar i nærområdet var fellesaktivitet som gjorde storbyen litt mindre urban. Helgeturane til fjells blei hyppigare dei siste åra i Oslo, og tranga etter nærhet til naturen blei so stor, at begge flytta i 2019 til Sunnmøre med kvar sine respektive. Ingen av dei ville slutte å jobbe med deira store lidenskap, og Ræin blei derfor resultatet; ei aktivitetsbedrift som tilbyr ekte naturopplevingar, og som gir meir tilbake til lokalsamfunn og natur enn kva nærmiljø må ofre. Til tross for å være ei fersk bedrift, har derfor Ræin lang fartstid og kompetanse innan bransjen.
Dagleg leiar og guide
Britt er sjela bak Ræin AS. Ho har dei siste 10 åra jobba både som guide, turveiledar og jaktoppsyn i fjellet, og det er kombinasjonen av erfaringer som gjer Britt unik som guide. Ikkje har ho kun kompetansen innan guide-yrket, men ho har også ein brei kompetanse innan naturforvaltning og fauna. Når Britt ikkje guidar eller sitt på kontoret til Ræin, so finn du ho på eit rehabiliteringssenter som osteopat.
TLF: +47 930 14 845
E-POST: britt@raein.no
Aktivitet - og guideansvarleg
Får du sjans til å bli med Carl på tur er du heldig! Denne mannen er eineståande i sitt felt. I tillegg til sin enorme kompetanse innen skred, klatring og generelt friluftsliv, er Carl eit stort medmenneske. Han har ein unik eigenskap som får fram det beste i andre og er virkelig ein guide du ønkser ved din side på turar over eigne ferdighetar og kompetanse. Carl er observatør for snøskredvarslinga Varsom på Sunnmøre og under utdanning hos Nortind.
TLF: +47 485 06 002
E-POST: carl@raein.no
Redningskvinne og guide
Med ein fysikk over gjennomsnittet og stor omsorg, vart redningsmann yrket og naturopplevelsar i hele verden hobbyen. Ho har dei siste åra kryssa Grønland fleire gongar og besøkt fleire høge fjell over heile verda. Sjølv om ho ofte blir trekt mot ukjende og store utfordingar, er det framleis til Sunnmøre ho blir trekt oftast. Rebecca guidar også for Bergans Adventures, og vi er svært glad og ydmyk over å ha henna kompetanse med inn i Ræin.
Guide -og kajakkansvarleg
Vår fridykker-, kajakk-, og klatre-instruktør! Kasper er svært opptatt av folka han har med seg på tur, og kven han delar opplevingar med. Han er utdanna innan friluftslivs- kultur- og naturveileiar hjå Universitetet i Sør-Øst Norge, og har ei brei jobberfaring innan fridykking, vannsport, rehabilitering, tilkomstteknikk og naturformidling. Fritida brukar han på å utforske og hauste frå naturen! Kasper er dyktig, dedikert og har alltid eit smil om munnen.
TLF: +47 98 09 42 82
E-POST: kasperbalserjensen@gmail.com
I alt vi gjer ønsker vi å minimere forureining på land og i vatn, og bidra til ein reinare kvardag. Dette gjer vi ved å legge til rette for turar som primært går føre seg ved forflytting for eiga maskin, søkjer til mindre kjente område, har fokus på lengre opphald og implementerer naturforvaltning som ein viktig del av våre produkt.
Utan lokalsamfunn med små aktørar kunne vi ikkje ha levert våre produkt. Lokalsamfunn og små-aktørar er sjølve kjernen i opplevingane vi tilbyr, og i mange bygder er dei hjartet i samfunnet. Eit av våre hovudmål er å skape levande lokalsamfunn, og våre produkt bidreg til auka aktivitet, som igjen gir auka lokal verdiskaping.
“Det vi ikke kan gjøre for alltid, er per definisjon ikke-bærekraftig”. - David Attenborough. I alle val og handlingar vi gjer, er vi opptekne av om dette er noko vi kan halde fram med for alltid. Vi tenker langsiktig i alt frå småinnkjøp til store samarbeidsavtalar. I tillegg er vi opptekne av å inkludere lokal ungdom både gjennom aktivitetar og tilrettelagd kursing.
Lokale grunneigarar har eit stort ansvar innan forvaltning og tilsyn av naturområde. Gjennom generasjonar har dei tileigna seg lokalkunnskap om området dei i dag forvaltar. Vi i Ræin har tett dialog med grunneigarar langs heile Storfjorden for å kunne bevare og formidle deira kompetanse innan kultur og tradisjonar på ein autentisk og respektfull måte.
Vårt mål er å bidra til bevaring av naturkvalitetar, og å legge til rette for lokal verdiskaping. Vi ønsker derfor å operere med små grupper for å styrke formidlingsevna og integrasjonen mellom gjest – gaid, og for å kunne tilby eit produkt med minimal belasting på naturmangfaldet. Infrastrukturen i Tafjord er ikkje tilrettelagd for eit stor turismevolum, og vårt tilbud er derfor der etter.
Vi i [Ræin] er opptekne av kvalitetsopplevingar i alle ledd. Våre produkt er derfor verken masseprodusert eller beregna for eit stort kvanti. Opplevingane våre skal vere trygge og gode både for gjester og gaidar. Alle våre gaidar har formell kompetanse innan sitt felt og er til ei kvar tid fagleg oppdatert. Tryggleik er ein viktig faktor for å kunne tilby spennande opplevingar av høg kvalitet heile året.