Søk

@ Engelsk flagg

Tafjordfjella på langs på fjellski

Tips!

Aktivitetar

Tafjordfjella på langs, eventyr i villreinens rike

4 dagar

Middels

15+

15600

HØGDEPUNKT

  • Eit urørt, ekte og unorsk møte med Tafjordfjella og Reinheimen Nasjonalpark
  • Reinheimen Nasjonalpark - kjend for sitt ville dyreliv
  • Historiske Fieldfarehytta og fjellmuseumet i Veltdalen
  • Ein variert skitur gjennom eitt av Sør-Noregs mest urørte høgfjellsområde

Dette er turen for som ønsker å oppleve det klassiske vintereventyret, eller for deg som kanskje søkjer ut i høgfjellet for første gong vinterstid!

Tafjordfjella og Reinheimen Nasjonalpark er der Austlandet møter Vestlandet, og kontrastane er deretter. Turen går i ein av Sør-Noregs minst turistifiserte nasjonalparkar og byr på vill og variert natur, med eit rikt dyreliv. Jerv, jaktfalk og reinsdyr er nokre av artane vi kan vere heldige å møte, og for å ta omsyn til dyrelivet følger vi DNT traseen frå nord til sør, og overnattar ved DNT hyttene vi passerer. Vi kjem til Billingen på dag tre, der vi nyt ein lokal og fersk tre-rettars middag, og let inntrykka synke inn. Målet med turen er koble av frå kvardagsmas, oppleve mestring, bli kjent med historia og naturen vi går i, samt skape gode minner i fellesskap.

Nyttig info

Turen krev grunnleggjande ferdigheiter på ski, og at deltakarane kan meistre lange dagar med aktivitet. Aldersgrense på turen er 15 år i følge med vaksen. Store delar av ruta går i høgfjellet, og vêret i området kan raskt endre seg. Det er derfor viktig at du har med gode og varme klede, samtidig som du prøver å halde sekken så lett som mogeleg. Dagsetappane er middels krevjande i lengde, men vêr og føre vil legge føring for framkomelegheita og vere avgjerande for kor krevjande turen blir.

  • Alle måltid frå middag dag 1 til lunsj dag 4
  • Overnatting
  • Transport med taxi fra Bjorli til Brøste
  • Lokalguide
  • Førstehjelp og anna tryggleiksutstyr

  • Transport til Bjorli
  • Transport frå Billingen
  • Alkohol og snacks
  • Reise- og ulykkesforsikring

  • Lunsj til dag 1
  • Vanntett og vindtett jakke
  • Vanntett og vindtett bukse
  • Lue x 2
  • Buff
  • Hanskar
  • Vottar
  • Isolerande lag (ullgenser eller dunjakke)
  • Tøflar/tykke ullsokkar
  • Turbukse
  • Ullsokkar x 3
  • Stillongs x 2
  • Ulltrøye x 2
  • Undertøy
  • Toalettsaker + toalettpapir
  • Handkle
  • Min 40 Liter sekk
  • Fjellski, skisko og stavar
  • Feller/klister/voks
  • Lakenpose
  • Liggeunderlag (ikkje oppblåsbart)
  • Thermos
  • Drikkeflaske
  • Power-bank til lading av kamera/mobil
  • Vindsekk
  • Tynn sovepose
  • (Kikkert)
  • (Kart og kompass)

Turen blir gjennomført med godkjenning frå Nasjonalparkstyret i Reinheimen. På bakgrunn av villreinen sitt leveområdet, kan vi undervegs på turen måtte legge om ruta for å ikkje forstyrre dei. Vi er i tett dialog med SNO i forkant av turen, og våre lokalkjente guidar vil då finne ei alternativ rute.

Store delar av turen gjeng uttanfor telefondekning, men guiden har med nødpeilesendar.

Det er anbafalt å ta toget til Bjorli. Etter endt tur er det anbefalt å ta Nordfjordekspressen til Oslo/Otta. Korresponderar med tog til Trondheim.

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.

DAG-FOR-DAG Program

Today is all about traveling to Bjorli and getting ready for our ski tour across Tafjordfjella. Bjorli is a small mountain village with a local ski resort, grocery store and a small outdoor shop. Once the whole group is gathered we make dinner together and go over the tour route.

Distanse: 17 km | 450 høgdemeter

Gaiden møter gruppa på Bjorli togstasjon med toget kl. 12:40. Her vil vi ta ein rask introduksjon og siste sjekk av utstyr. Vidare tek vi taxi til Brøstedalen der vårt fem dagar lange eventyr endeleg kan starte. Taxituren tek ca. 20 minuttar. Det er fint om de et lunsj rett før oppmøte, slik at vi kan kome effektivt i gang frå parkeringa.

Dagens destinasjon er sjølbeteningshytta Pyttbua. Frå parkeringsplassen i Brøstedalen til Pyttbua er det ca. 17 kilometer med ei stigning frå 700 til 1150 moh. Vi brukar mellom 4-6 timar på etappe 1 avhengig av vêr, føre og gruppa. Pyttbua er lokalisert ved foten av nokre av Tafjordfjella sine høgaste toppar: Pyttegga (1999 moh), Karitind (1982 moh) og Høgstolen (1953 moh). På hytta lagar vi fellesmiddag og bruker kvelden på å bli betre kjende.

Distanse: 14 km | 340 høgdemeter

Dagen startar med frukost på hytta og kaffi på trammen. I dag er første dag der vi er fullstendig logga av kvardagen, og vi treng ikkje uroe oss for anna enn å ete, bevege oss og sove. Turen i dag er litt kortare enn i går, både i avstand og høgdemeter, men med ein lang dag i forkant kan dette vere godt for fleire. På dagens etappe går vi inn i reinsdyra sitt rike, så hold auga opne! Dersom vi er heldige med vêret kan vi glede oss over ein lengre lunsj på turen sitt høgste punkt, medan vi speidar etter dyreliv.

Ved tilkomst Veltdalshytta og vi har innlosjert oss i hytta, går vi ein liten kilometer vidare til den historiske Fieldfarehytta. Denne hytta var ein gøymestad tilbake i 1944 for fire norske krigssabotørar under 2. verdskrig, med eit oppdrag om å øydelegge kommunikasjonen i regionane Lesja og Romsdalen. I 1990 vart hytta restaurert til si opphavlege form av ein av sabotørane, og i dag er den både eit museum og eit overnattingsrom eigd av DNT. Hytta er vanskeleg å finne om vinteren, noko som gjer denne vesle turen til ein heilt eigen ekspedisjon.

Distanse: 19 km | 450 meter nedover 14 km nedover

Siste etappe på turen er ei ekte sjarmøretappe. Turen startar rolig ut gjennom dalen. Vi følger ikkje normal rute til Billingen, men tek ei finare rute med storslått utsikt mot Breheimen og Jotunheimen. Før vi startar på dei lengste nedoverbakkane tek vi lunsjpause i forhåpentligvis vårsol. Vi har reservasjon på tre-retters middag på Billingen Seterpensjonat kl 20:00, so vi tek oss god tid ned dei tyngste bakkane. På Billingen nyt vi ein lokal middag forran ein varm peis. Dette er siste kveld saman på tur, og ei meir eventyrleg avslutting der inntrykka kan synke inn og nytast, skal ein leite lenge etter!

Turslutt Billingen - retur heim

I dag har vi mogelegheita for ein lengre frukost framfor peisen, og til å ta oss ein liten skitur til Billingen sine utrulege bruer! For dei som aldri har gjort dette før, så anbefaler vi verkeleg å ta ein kik på de imponerande bruene i området.

For dei av dykk som skal tilbake til Oslo eller Otta/Trondheim, går bussen kl. 13:30. Turen vert avslutta på dag 5, men det vil også vere mogelegheit for å ta ei ekstra natt på eiga rekning på Billingen Seterpensjonat om ønskeleg.