Søk

@ Engelskalt=

Tafjorden Explorer

Tips!

Aktivitetar

Guida kajakk og fottur på Tafjorden

6 timar

Middels

12+

1750

Ein kajakk- og fottur på den ukjente verdsarvfjorden Tafjorden, som er ein del av Geirangerfjorden verdsarvområde.

Turen er i underkant av 14 km, og ca halvveis vil vi gå i land og ta turen opp til ein fråflytta fjellgard. Her vil guiden servere lunsj frå eit lokalt bakeri. Det først når du har opplevd både fjella og fjorden med lokale mennesker, at du verkeleg har opplevd lokalmiljøet. I løpet av turen vil vi også passere arret etter Tafjordulykka i 1934. Tafjorden er ein mykje meir stille fjord enn Geirangerfjorden, og har rikelig med nysgjerrige niser som ofte kjem bortom kajakken å sei hei.

Oppmøte på vår base i Sjoavegen 21 i Tafjord kl. 09:15.

Nyttig info

Turen passar for alle over 12 år som ønsker ein lengre tur med kajakk! Det er ingen krav til våttkort, men ein må være i form til å takle ein heil dag med aktivitet ute. Det er ei forutsetning at deltakarar er svømmedyktig. Avhengig av fysisk form, vær og forhold kan turen bli opp mot 5,5 timar aktiv padling Turen kan justerast etter gruppa sine ønsker, og kan bli korta ned ved behov. Ca 1 time lunsjpause/fottur.

  • Lokal lunsj servert i det fri
  • Nødvendig kajakkutstyr
  • Kajakkbekleding
  • Guide (NPF Aktivitetsleder Kajakk)
  • Sikkerheit- og fellesutstyr

  • Transport til/fra Tafjord

  • Vannflaske
  • Tursko
  • T-skjorte/ulltrøye
  • Vind/vanntett jakke
  • Shorts/stillongs
  • Vanntett pakkpose
  • (Badekle)

Turen startar og sluttar i Tafjord. Her har du tilgang til skifterom med dusj, samt å lagre personlige eigendelar trygt. Vi er behjelpelig med transport til/fra oppmøtestad i Tafjord ved behov.

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.