Tips!
Sjå bileter frå tidligare turar.
4 dagar
Krevande
15+
11700
HØGDEPUNKT
Ein langhelg på ski i eit av Sør-Norges største villmarksområder! Det er ikkje tilfeldig kvifor nettopp dette området er av urørt karakter. Målet med turen er å komme nært på naturen, ferdsel utafor allfarveg, bli tryggare i vinterfjellet, og sist men ikkje minst; nyte og yte! G2 er ein relativt ukjent 2000-meter topp som ruger midt i nasjonalparken ved Skarvedalseggmassivet. Dett er eit lite besøkt område, men på ein klarversdag kan toppane i Jotunheimen, Breheimen og Romsdalen nytast herrifrå. Å bevege seg i terreng dei ferraste har ferdast i, er noko unikt. Naturen føles villare og større, noko som gjer både inntrykk og opplevinga sterkare.
Turen startar og sluttar på Billingen, og planlagt rute er i overkant av 55 km/1400 høgdemeter. Vi går med pulk og telt, og dagsetappane kan variere ut i frå føre, vér og gruppe. Guiden på turen er også oppsyn under villreinjakta i Reinheimen, og kjenner både området, lokalhistorier og verneverdiane i området godt. X-faktoren på turen er at Storebreen ofte har sitt eige værsystem, og for å krysse den må vi ha gunstige forhold. Alternative ruter vil bli lagt om krysning ikkje er mulig.
Obligatorisk teams møte 2 uker i forkant av tur med alle deltakere. Utstyrstips, gjennomgang av utstyr og utstyrs behov och spørrerunde.
Turen krev grunnleggjande ferdigheiter på ski, og at deltakarane kan meistre lange dagar med aktivitet. Aldersgrensa på turen er 15 år i følge med foresatt/foreldre, ellers 18 år. Det er ein fordel om du har gått på fjellski tidligare, og at du er i normal god form. Det er anbefalt å trene i forkant av turen til å takle lange dagar i aktivitet. Det er ikkje eit krav at du har gått med pulk tidligare. Handtering av pulk vil vi både gå gjennom i fellesskap og hjelpe kvarandre med. Det samme vil gjelde oppsett av telt vinterstid, og bruk av primus. Dagsetappane er middels krevjande i lengde, men vêr og føre vil legge føring for framkomelegheita og være avgjerande for kor krevjande turen blir. Etappane er lagt opp til tungt føre for å auke marginen for ein vellykka tur til toppen. Kilometeravstand er ca planlagd etappe.
Førstehjelpsutstyr(Inkludert):
Turen gjeng innanfor Reinheimen Nasjonalpark med tillatelse frå Nasjonalparkstyret i Reinheimen. Vi må til alle tider ta hensyn til reinen sin lokalisasjon på tur, og bevege oss deretter. Vi er i tett dialog med Statens Naturoppsyn for ferdsel i forkant av turen. Undersøk alltid om din leverandør tar hensyn til villreinen før du meldar deg på ein tur innanfor nasjonalparkgrensa.
Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen, eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.
Vi møtast på Billingen Sæterpensjonat til middag kl 20:00. Før middag vil guiden gå gjennom detaljert turplan og fordeling av fellesutstyr. Middag av lokale råvarer vil bli servert av eigarane og ekteparet Marianne og Arnstein frå Skjåk. Ein perfekt måte å lade opp og bli kjent før tur! Etter middag vil det bli tid til å pakke omm og klargjere pulkane til avreise dagen etter. Fellesutstyr og lånt utstyr vil bli fordelt.
Etter frukost sett vi skituppane nordvest over inn i Reinheimen Nasjonalpark. Dagens etappe går i traseen til DNT hytta Torsbu, og er turens lengste motbakke (600 meter stigning). Målet er å kome seg opp på flata for å få gode marginar på turen vidare. Tung dag med turens lengste motbakke, men målet for dagen er å komme godt i gang, bli kjent med gruppedynamikken og justere utstyr.
I dag er første dag vi virkelig bevegar oss utanfor allfarveg og inn i det ukjente. Dagens etappe er relativ flat, utenom stigninga opp Storbreen. Målet er å slå camp på Storbreen, nokre kilometer før toppen av Gråhø. Underveis på turen må vi alltid ta høgde for kor villreinen er, og bevegar oss deretter. Forhåpentlegvis får vi moglegheit til å observere fjellets vandrarar på avstand.
Dagens etappe er både vakker og utfordrande. Det første målet er å komme seg over Storbreen og til toppen av G2. Herrifrå vil vær og føre avgjere vidare ruta vi tek ned frå G2. Planen er å sette camp i Skarvedalen. Med sørvendt utsikt Breheimen og Jotunheimen ligg alt til rette for ein fin siste kveld på tur.
Siste dag på tur, og ei snill etappe tilbake til Billingen. Dagens etappe er litt lengre enn tidligare, men går i fint og lettgått terreng før nedkjøringa til parkeringa. Planen er å være tilbake på Billingen seinast 16:00. For dei som ønskar kan ekstra overnatting på Billingen Sæterpensjonar organiserast i etterkant av tur.