Søk

@ Engelsk flagg

Rappellering og Via Ferrata ved Zakariasdammen

Tips!

Aktivitetar

Det handlar om å kjenne at ein lev

1,5

Middels

15

930

Kva kan du forvente?

Sjå vår promovideo på Youtube

Sjølve aktiviteten varar i ca 1-2 timar, og vi har kapasitet til å rappellere ca 5 personar i timen. Sjølve rappellen er ca 65 meter, og gir gode moglegheitar for vektlause, svevefråspark i den gigantiske Zakariasdammen. Vel nede i juvet møtar du ein instruktør som koblar deg over i Via Ferrata ruta som tek deg opp att til vegen.

Aktiviteten kan tilpassas private grupper, utdrikningslag og andre sosiale event. Vi ynskjer helst å gjennomføre rappellen på dagtid, men kveldsrappell i solnedgang er også mogleg.

Prisar 2025:

  • 1-8 personer: 7500 kr
  • 500 kr per person for grupper over 8 stykk.


Aldersgrense 15 år/10.klasse. Maks antall personar per dag: 25. Under 18? Husk godkjenning frå foresatt

Skal du arrangere utdrikningslag? Sjekk ut Tafjord Sauna i kombinasjon med rappellering! Vi kan også organisere leikar og konkurranse på forespørsel, samt organisere overnatting i området.

Nyttig info

Sikkerheitsreglar ved rappellering på Zakariasdammen

Sikkerheitssreglane under er ein del av eigenerklæringsskjema. Alle deltakera må lese igjennom å signere vår eigenerklæring ved oppmøte på Zakariasdammen, før deltaking.

Å rappellere innebærer alltid en viss risiko ulykke eller skader. Ræin AS er pålagt strenge krav til sine sikkerheitsrutinar både innan kontroll av utstyr/anlegg og fagleg kompetanse hjå sine instruktørar. Dette har som formål å redusere risiko. Våre erfarne instruktørar må årleg fullføre et internkurs spesifikk for aktivitet på Zakarias. Undertegnede er på denne måten gjort oppmerksom på at aktiviteten inkluderar ein viss risiko. All klatring og aktivitet er på eige ansvar.

Rappellering og Via Ferrata

  • All rappellering på Zakarias og K1, samt bruk av Via Ferrata er forbudt utan følge av godkjent instruktør/guide
  • Følg alltid instruktøren sine instrukser
  • Kast aldri stein ved Zakariasdammen
  • Via ferrata taua er eit sikringstau, og skal ikkje aktivt benyttast som klatretak på vegen opp
  • Alle deltakarar må benytte godkjent utstyr frå Ræin - husk å levere tilbake lånt utstyr
  • Aldersgrense på rappellering ved Zakarias er 15 år/10. klasse, K1 er 12 år/7. klasse
  • Personar under 18 år skal ha med skriftleg godkjenning av foresatt
  • Maksimal vekt for deltaking er 120 kg
  • Deltakarar kan ta med kamera/Gopro, men må sørge for at dette er festa til kropp under heile aktiviteten
  • Personar som er alkohol- eller ruspåverka, eller er utanfor alder/vekt kan ikkje delta
  • Dersom du er gravid eller har andre helserelaterte utfordringar må dette avklares med lege før deltaking.
  • Du er pliktig til å informere instruktøren om helserelaterte utfordringar som kan påvirke aktiviteten.

Påbudt sikringsutstyr: deltakarar

  • Klatrehjelm med hakestropp
    • Hjelmen skal sitte og være festa under heile aktiviteten
    • Pass på at stroppa er stram nok so den ikkje kan gli over haka
    • Hjelmen skal sitte tett på haude, so pass på at stramminga sitt godt
    • Ta gjerne kontakt med instruktøren for å godkjenne at hjelmen sitt riktig på
  • Standard klatresele
    • Klatreselen skal være på under heile aktiviteten
    • Klatreselen skal sitte stramt på både i livet og rundt hoftene
    • Dersom du tar av eller justerar på selen etter at instruktør har godkjent selen, må instruktør kontrollere den på nytt
  • Via Ferrata slynge (gjeld Zakarias)
    • Slynga skal være festa i sentralløkka i klatreselen under heile aktiviteten
    • I via ferrata løypa opp frå juvet skal alltid minimum ein karabin være festa i sikringstauet

Bekledning for aktivitet på Zakariasdammen

  • Gode sko
  • Via Ferrata løypa er periodevis utfordrande, og det er viktig med gode sko som sitt godt på underlaget
  • Sandalar er ikkje tillatt
  • Kle etter vér og vind
    • Det kan både bli kaldt og vindfullt på Zakariasdammen sjølv på ein varm sommardag. Ta derfor med klede som kan halde deg varm når du ikkje er i aktivitet.
  • Hanskar – ikkje påbudt, men anbefalt
    • 60 meter er en lang rappell! Vi anbefaler deg å ta med eit par hanskar med solid yttermaterial. Dersom du ikkje har kan dette lånast hos oss.

Vel møtt!