Tips!
Sjå bileter frå tidligare turar.
8-10 timar
Middels-Krevande
15+
2000
Klatretur til Bladet i Molladalen har havna på mange si Bucket List siste åra. Følelsen du får når du stend på toppen av Bladet kan ikkje beskrivast med ord, men må opplevast!
Turen tek ca. 7-9 timar, og er totalt på 11 km tur-retur og ca 1100 høydemeter med start frå Melbøsætra. På turen får du ikkje berre oppleve det å stå på en spiss pinakkel langt over Hjørundfjorden, men du får også ei panoramautsikt over vakre Molladalen som i følge vår klatreansvarlig er Norges svar på Chamonix.
Guiden vil vise veg opp til Bladet gjennom Molladalen og Mohns renne. Sjølve klatringa på Bladet er 15 meter, og har ei klatregrad 4. Klatringa er teknisk enkel, men kan for mange følast utfordrande på grunn av si luftige eksponering. Under klatringa er ein sikra på topptau, og dette er den tryggaste måten å oppleve toppen av Bladet på.
Oppmøte kl. 8:50 på parkeringa på andre sida veien til Coop i Barstadvik. Derifra kjører vi på bomvei inn til Melbøsætra kor vi alle får utdelt individuelt klatreutstyr til toppstøtet på Bladet.
Pris for privat guide inkl. nødvendig klatreutstyr 1-4 personer: 8000 kr
Om du ønskar klatreopplevelsar over fleire dagar anbefalar vi deg å lese meir om turen "Klatreklassikere i Sunnmørsalpane".
For deg ønsker å ta toppturen til neste nivå i Norges svar på Patagonia!
Dette er en tur som er gjennomførbar utan noko særleg klatreerfaring i trygge rammar med utdannet høgfjellsinstruktør. Turen gir panoramautsikt over Hjørundfjorden og Sunnmøre, og er for mange eit minne for livet. Fleire har denne turen på Bucket Lista si, og vi har derfor skreddersydd eit opplegg på en trygg og sikker måte, både ved å benytte kvalitetssikre guider og sette av god tid. Deltakere må være i ok fysisk form til å takle ein lengre dag ute i fjellet. Er gruppen i god form kan man forvente å bruke kortere tid på turen, eller ta turen bortom Mohns topp. Turen er totalt 11 km tur/retur og i underkant av 1100 høydemeter. Vi vil tidvis også gå i bratt terreng, så det er viktig å følge guidens instrukser til ei kvar tid. Ein guide kan maksimalt ha med 4 deltakere.
Dersom du ønskjer ei større utfordring til Bladet kan vi anbefale deg å lese meir om turen "Sofaruta til Bladet". Denne turen er meir krevande og har krav om tidligare erfaring med klatring som aktivitet.
Avgang kvar mandag i sesong.
Ønsker du å klatre Bladet uttafor oppsatt avgang? Ta kontakt!
Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.