Tips!
Sjå bileter frå tidligare turar.
3 dagar
Middels
15+
4500
Tema for kurset
Minimum 2 deltakere. På kurset siste dag vil gruppa i samråd med instruktør få praktisert tillært kunnskap gjennom ein klatretur i Sunnmørsalpane.
Dette er eit praktisk kurs med mål om å gjere deltakarar trygg til ferdsel i bratt terreng på eigenhand. Kurset første dager blir gjennomført på Magerholm klatrefelt.
Kursets lengde og omfattning blir styrt av deres ønsker og ferdigheiter fra før av. Vi tilbyr kurs på forespørsel.
Dette kurset passar for deg som er nysgjerrig på ferdsel i bratt terreng, samt ønskjer å ta klatring eit steg vidare. Kurset har som mål å gi deltakarane fysiske og mentale verktøy for å kunne klatre på naturlege sikringar på ein trygg måte i fjellet. Etter endt kurs skal deltakara ha ferdigheitar til å kunne gjennomføre alpine turar etter evne på eigenhand. Det er ei anbefaling at deltakarar har brattkort eller tilsvarande kompetanse. Aldersgrense for kurset er 15 år. Dei under 18 år må ha samtykke frå foresatt.
Kurset inkluderar ikkje overnatting, men ofte overnattar vi i telt i nærheita av kurset. Ønsker du at vi organiserar overnatting for deg/dokke, ta kontakt.
Kurset kan også bli gjennomført utanfor oppsatt dato for private grupper.
Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.
Ein av følgande klatreturar. Alpin start/ grytidleg.