Tips!
Sjå bileter frå tidligare turar.
2 dagar
Lett
13+
2250
Læringsmål
Vil du ta steget frå å klatre inne til ute? Då er dette klatrekurset noko for deg! Dette kurset lærer deg det du treng for å komme i gang med utandørs klatring på felt. Klatreteknikk, oppsett av topptau, rappellering og led-klatring, samt korleis du avsluttar på ein trygg måte og får med alt utstyr ned frå veggen. Etter gjennomført kurs, skal du føle deg trygg til å klatre ute på bolta klatrefelt på eigenhand.
Kurset går over to dagar.
Dette kurset krev ingen forkunnskap innan klatring, men passer og deg som har klatret litt inne og som no vil ta steget ut. Aldergrense på kurset er 13 år ved samtykke frå foresatt. Etter endt kurs skal deltakara på eigahand klatre på bolta klatrefelt på ein trygg måte, sette opp topptau, og rydde utan å tape utstyr.
Planen er å gjennomføre første dag på Folven. Dersom det er regn vil begge dagar foregå på "Beachen" kor klatrefeltet er relativt tørt ved nedbør. Beachen er mellom Stryn og Loen.
Klatrefører for Sogn og Fjordane, og Klatreførar for Sunnmøre er to bøker vi anbefalar. Ta gjerne med om du har.
Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.
Oppmøte på parkeringa ved Folven Camping. 10 minutt gange frå campingen finn vi Folven klatrefelt. Dette feltet er ideelt for nybegynnerar.
Oppmøte parkeringa ved Folven Camping, derretter kjøre vi 20 minutt frå Folven Camping til det tørre og fine klatrefeltet Beachen.