Søk

@ Engelsk flagg

Langtur med kajakk fra Tafjord til Geiranger

Tips!

Aktivitetar

Tafjorden - Geirangerfjorden

5 dagar

Middels

15+

10900

BLI MED PÅ VESTLANDETS VAKRASTE KAJAKKTUR FRÅ TAFJORD TIL GEIRANGER!

Padleturen er i underkant av 65 km, og det vil ta oss 4 dagar å padle/3 overnattingar i telt. I tillegg til sjølve padleturen har vi lagt inn ei overnatting på Olagarden gjestehus i Tafjord i forkant av padleturen, då vi vil gjennomgå kameratredning og kommunikasjonsrutinar på dag ein. Etter sikkerheitsøkta ventar ein lokal middag i Olagarden. Dette er med andre ord ein tur som både gir autentiske friluftskjensler og komfort i storslått vestlandsnatur!

Fjordane vi padlar på er begge på UNESCO si verdsarvliste, grunna sin spektakulære natur- og kulturarv, og vi gleder oss til å dele vår kunnskap om regionen med dykk! Både Tafjorden og Geiranger er kjent for sitt rike dyre- og fugleliv, noko som gir turen ein solid prikk over i-en. Under padleturen overnattar vi i telt langs fjorden og lagar gode middagar i fellesskap, medan vi nyt utsikta frå skjulte perler.

  • Opplev to av verdas vakraste fjordar frå ein kajakk
  • Fjellturar til fleire fjordgardar langs Storfjorden
  • Unik overnatting i Olagarden; garden som tek deg 100 år tilbake i tid
  • Gøymde og utilgjengelege overnattingsstader langs Storfjordens skjulte perler
  • Introduksjonskurs kajakk - våttkort

PS: Vi rådar ingen å gjennomføre denne turen på eigen hand. Fjordsystemet kan vere utfordrande både med tanke på område med steinsprang, undervasstraumar og få overnattingsmogelegheiter. Ræin AS har gjennomført turen fleire gongar, og har eit godt samarbeid med grunneigarar langs fjorden.

Nyttig info

Denne turen passar for alle over 16 år som har erfaring med kajakkpadling og klarer å gjennomføre lange dagar på vatnet. Deltakarar mellom 16 og 18 år kan berre delta saman med foreldre/føresette. Ingen krav til dokumenterte kunnskapar innan kajakk som t.d. våttkort, eller grunnkurs, men gjesten er sjølv ansvarleg for å ha grunnleggjande padleferdigheiter. Fjordsystemet vi padlar kan by på alt av vêr og vind, og dette gjer at turen kan bli alt frå “enkel” til krevjande. Sjølv om vi håper på å padle på dagtid, vil vêr og vind legge føringar for når på døgnet vi padlar. Det er derfor viktig at deltakarane er innstilt på dette. Vi padlar i snitt 15-20 km kvar dag. Skulle vêr eller vind gi for store utfordringar til at turen kan gjennomførast, vil gaiden og kontoret gjere sitt beste for å legge opp til eit alternativt opplegg. På tur vil vi lage middagar i fellesskap (på separate primusar), men gaiden vil kunne hjelpe til med eventuell handtering av brennarar. Denne turen er derfor eit godt høve til å lære seg grunnleggjande kompetanse innan sjønært friluftsliv.

  • Erfaren og lokal gaid
  • Padleutstyr (inkl. tørrdrakt), førstehjelp og tryggleikssutstyr
  • Fellesutstyr: telt, brennar og kokekar
  • 1 x gjestehusovernatting m/fullpensjon
  • 3 x teltovernattingar
  • Transport tilbake til Tafjord frå Geiranger

  • Mat under sjølve padleturen (kan leggast til mot tillegg)
  • Transport til/frå Tafjord
  • Alkohol
  • Reise- og ulykkeforsikring


På kropp

  • Ulltrøye og ullstilongs
  • Ullboksen og evt. ull-BH
  • Vind- og vanntett jakke
  • Vind- og vanntett bukse
  • Lette tursko (kan være lave)
  • Caps/lue
  • Hansker
  • Hals
  • Solbriller

I pakkposer/vanntette poser til å pakke i kajakken

  • Vanntette pakkposer i ulike størrelser.
  • 2 blå ikea-poser (Disse er kjekke for å legge pakkposene oppi når vi bærer fra kajakken til camp)
  • Ekstra Ulltrøye, stillongs, boxer og ullsokker.
  • Mellomplagg; ullgenser eller lignende.
  • Turbukse til bruk i camp og ved korte fjellturer
  • Dunjakke til kvelden. Alltid godt, selv på en sommerkveld.
  • Shorts og ull-t-skjorte i tilfelle varmt vær.
  • To stk. Drikkeflasker (smart med flasker du kan feste en liten karabin på, slik at den kan festes til toppen på kajakken. Eks: Nalgene flaske 1L)
  • Termos
  • TurBestikk, Turtallerken, kopp til mat/drikke
  • Myggspray og solkrem
  • Badetøy og lite håndkle
  • Liggeunderlag
  • Sovepose
  • Telt: Hvis du ikke har telt, si ifra til oss så skal vi fikse det.
  • Mat til hele padleturen: Du står fritt til hva du vil lage og spise, men tenkt på at dette skal enkelt kunne tilberedes på primus. Det er ingen mulighet til å kjøpe mat underveis på turen.
  • Snacks til mellommåltider.
  • Liten hodelykt med ekstra batterier.
  • Toalettpapir og antibac
  • Liten toalettmappe (tannbørste, etc)
  • Fiskestang og utstyr hvis du ønsker å prøve fiskelykken. Er du optimist ta også med smør, salt og pepper til steking.
  • Kamera (husk liten vanntett pose til kamera/telefon)
  • Strømbank til oppladbare dingser


Ettersom turen startar og sluttar i Tafjord vil det vere mogeleg å lagre ekstra bagasje i Olagarden under padleturen.

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.

DAG-FOR-DAG Program

Velkommen til Tafjorden

Oppmøte i Olagarden i Tafjord kl. 14:00 til innsjekking og ein liten matbit. Etter innsjekking går vi ned til fjorden for å tilpasse utstyr og eit introduksjonskurs. Dette kurset vil gi Våttkort til deltakarar som eventuelt ikkje har dette frå før. Padleturen vi skal gjennomføre er lang, og det er viktig for oss at alt av utstyr og kajakkar er individuelt tilpassa kvar enkelt, og at alle deltakarar har kameratredning friskt i minne. Etter førebuingane blir det servert ein kortreist og energirik middag i Olagarden av vår lokale helt, medan vi nyt utsikta over Tafjorden og dei massive, omkransande fjella frå middagsbordet. Olagarden er overnattingsstaden som tek oss 100 år tilbake i tid med sin originale og velstelte atmosfære.

15-20 km | 6-7 timar aktiv padling + 1 t fottur

Etter ein god frukost i Olagarden går vi ned til fjorden og lastar kajakkane for årets eventyr! Det er ein lang padletur vi har framfor oss, så vi prøver å vere klar til å starte turen ca. kl. 10:00. Allereie etter eit par kilometer passerer vi fossen Slufsa på nært hald. Namnet til fossen har fleire historier, og tilbake til den tida Tafjord var kopla til resten av landet via ferje, var det nokre smarte arbeidarar som fann ut dette var ein god foss til å vaske dekket på ferja. Det dei ikkje tenkte på, var at trykket frå fossen vart så kraftig at propellane løfta seg over vassoverflata. Heldigvis oppdaga dei då at like til venstre for fossen var det ei lita høgde som ferja støtta seg til, og dei fekk tilkalla hjelp frå lokale fiskebåtar for å drage dei vekk frå Slufsa.

15-20 km | 6-7 timar aktiv padling | 1 time fottur

I dag som i går prøver vi å vere klar for vidare padling seinast kl. 10:00. Gruppa og vêret vil legge føringar for kor tidleg vi startar, men vi tar utgangspunkt i avreise kl. 10:00 kvar dag på fjorden. I dag vil vi forlate Tafjorden, og bevege oss inn i Norddalsfjorden og Synnylvsfjorden. Fjorden blir breiare og breiare for kvar kilometer, og frå dei mektige fjella rundt Tafjorden blir terrenget meir og meir ope. Dette er det breiaste punktet på fjorden, og her kan sjøen vere litt meir uroleg enn på resten av turen. I dag skal vi også besøke ein av våre favorittgardar: Smoge! Vi har derfor rekna med ekstra god tid denne dagen, og må tilpasse tida for padling når forholda er til rette for det. Dagens mål er Synnylvsfjorden og ein nydeleg camp, der dei færraste ferdar.

15-20 km | 5-6 timar aktiv padling

I dag er det sjølvaste Geirangerfjorden som er dagens destinasjon! Store delar av dagen vil vi bruke på Synnylvsfjorden, og få ei god utsikt over det berykta fjellpartiet Åkerneset. Synnylvsfjorden er fjordarmen som leier inn til Geirangerfjorden, og kontrastane mellom de to fjordane er store. Frå den opne og milde Synnylvsfjorden svingar vi austover og inn i hjartet av fjord-Noreg: Geirangerfjorden, der siste camp på padleturen ventar. Ca halv-vegs på dagens tur vil vi gå opp til Oaldsbygda, som på eit tidspunkt hadde 70 fastbuande. Siste familien flytta i 1953, og bygda stend no veglaus og original.

12-15 km | 3-4 timar aktiv padling | 1 time fottur

Sjarmøretappen gjennom magiske Geirangerfjorden til Geiranger står for tur i dag. Velstelte fjellgardar og verdskjende fossefall skal i dag opplevast frå kajakken. Det er noko heilt unikt å få oppleve denne delen av fjord-Norge frå ein kajakk, og vi brukar derfor god tid inn Geirangerfjorden for å ta inn alle inntrykka vi har opplevd dei siste dagane. Vi må i dag starte tidlig for å unngå den verste trafikken, og rekke fotturen opp til Skageflå. I Geiranger vil vi laste kajakkane og ta oss tid til litt sightseeing i bygda før vi kjører tilbake til Tajorden.

Vi vil være tilbake i Tafjord til seinast kl 18.00. Overnatting i Olagarden kan ordnast på forespørsel.