Søk

@ Engelsk flagg

Guida topptur på Sunnmøre

Tips!

Aktivitetar

Topptur for private grupper og bedrifter

1 dag

Middels

12+

1250

Topptur med guide i Sunnmørsalpane er noko alle burde oppleve! Området er verdenskjent for skikjøyring med fjordutsikt, og enorme puddertilstandar når nordvesten slår inn. Vår lokale skiguide er lommekjent og intorduserar deg til det beste regionen har å tilby etter forholda. Når Carl Wernhoff ikkje guidar, er han ute å registrerar snøforholda for NVE varsom.no.

Å ta med guide aukar sikkerheita, og gjer at du får meir ut av dagen bland høge fjell og djupe fjordar. Alle våre skiguidar er utdanna innan skredstigen i Norsk Fjellsport. Skredutstyr er påkrevd på våre turar og er inkludert i prisen dersom du har behov for å låne. Isøkt og stegjern er også inkludert dersom behovet er der.

Alle våre toppturar er for private grupper, og du og dine får derfor skreddersydd dag etter ønske. Lunsj kan inkluderast for 275 kr per person.

Pris varierer avhengig av antall deltakere. Ein "klassisk topptur" for varar i 6-8 timar.

  • 1-3 personar: 6000 kr
  • 4-6 personar: 7500 kr

For guiding over 3 dager eller fleire gir vi 10 % rabatt.

Er du på utkikk etter ei samansatt oppleving på Sunnmøre over fleire dagar? I tillegg til toppturar har regionen mykje spennande som kan kombinerast. Ta kontakt so hjelp vi deg med planlegginga.

Vi samarbeidsar med overnattingsstadar i Fjord som Juvet Landskapshotel, Kilsti Compact Lodge og Nikkahuset, og kan derfor tilby eit lokalforandra og verdiskapande produkt i regionen. Vi har også avtalar med private hytter av høg standard for leige ved private grupper.

Transport til og frå Ålesund flyplass kan ordnast på forespørsel.

Nyttig info

Turane vi går vil bli lagt opp etter gruppa sine føresetnader og ønske, det er derfor ingen krav til fysisk form. Det er ein fordel om ein har kjennskap til topptur som aktivitet frå før, men guiden vil gå igjennom grunnleggande sikkerheitsrutiner ved oppmøte. Det er anbefalt på eit minimum å ha greie ferdigheter med skikjøring i skisenter fra før. Ein guida tur passar for deg som ønsker å få mest mogleg ut av toppturar på Sunnmøre, gjennom kunnskap om lokale forhald og auka tryggheit på tur.

  • Utdanna skiguide/skredinstruktør
  • Skredutstyr ved behov
  • Ski utstyr mot et tillegg i pris

  • Transport til og fra turstart
  • Mat og drikke
  • Reise og ulykkesforsikring

  • Ski med gåmodus/Splitboard, støvler, stavar, feller og sekk (kan leigast)
  • Skredutstyr; Sender/Mottaker, Spade, Søkestang (kan leigast)
  • Skalljakke og bukser
  • Ullundertøy, mellomlag, + dun jakke
  • Mat og drikke til turen
  • Hjelm
  • Sol og ski -briller
  • Sitteunderlag
  • Vindsekk (anbefalt)
  • Første hjelp kit (anbefalt)

Vi tilbyr skredkurs og toppturkurs for nybegynnera viss dokke har liten eller ingen erfaring fra randonee/topptur på ski frå før. Dette kan vi eventuelt bake inn i ein "pakke".

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.