Tips!
Sjå bileter frå tidligare turar.
7 dagar
Moderat
18+
9600
Dato for gjennomføring: 23/9 - 29/9 2024
Bli med ned i dypet på jakt etter gode råvarer og opplevingar!
På denne turen fokuserar vi på undervannsjakt langs bru-pilarer på Sunnmøre. Vi bor i fellesskap på godkjent fiskehytte, og drar daglig ut til ulike plassar for å fridykke. Dei ulike dykkespottane er nøye utvalgt for at du kan få store opplevelsar og kunnskap, som legg til rette for at du i framtida både blir flinkare og tryggare på denne type UV-jakt.
Dagane er skreddersydd med mål om praktisk tilrettelagt undervisning og personlig oppfølgning.
I tillegg til både praktisk og teoretisk undervisning om jakta, vil det og være kursing innan tang og tare, sanking av kystplanter og planlegging av dykketurar.
På denne 7-dagers turen er alt av overnatting og mat inkludert. Måltid (frukost, lunsj og middag) lagar vi i fellesskap på rotasjon. Snacks og andre godsaker må deltakera ta med sjølv. Ved fersk fangst vil det sjølvsagt bli mulighet for å lage gode, nye måltider noko som instruktøren har stor lidenskap for sjølv.
Denne turen er for deg som har eget utstyr, har fridykka ei stund, og er over 18 år. Turen er skreddersydd for deg som mestrer å fridykke komfortabelt ned til minimum 5 meters dybde, og har kontroll på trykkutligning.
Om du er usikker, ta kontakt med instruktør Kasper på kontakt@raein.no
Ja, vi bor på ei fiskehytte som har avtale med fiskedirektoratet. Der kan du loggføre fangsten din, og ta med opp til 18kg fisk ut av landet.
Instruktøren har to års erfaring med å guide fridykking, i tillegg til mykje eigenerfaring. I tillegg til dette er han utdanna friluftslivs- kultur- og naturvegleiar frå Universitetet i Sør-Øst Norge. Med denne bakgrunnen er både tryggheit og heilskapleg oppleving satt i fokus.
Ankomst og innsjekk mellom 16:00-18:00.
18:00 - Bli kjent middag og briefing
Første instruksjonsdag ute. Introduksjon til djupare dykk, pilarar og jaktteknikkar.
Undervisning i tang og tarearter. Fridykking etter kamskjell, og djupdykk på hyller under jakt.
Denne dagen er ein nødvendig kviledag etter to intense dagar i forkant.
Alle kan gjøre som dei sjølv vil, om det er å leie ein båt og stikke ut på sjøen, plukke sopp, fiske, eller rett og slett dykke igjen.
Instruktøren skal ut og buldre utendørs om været tillater det - her er alle deltakere velkomne.
Vi fortsetter med å øve på jaktteknikkar ved pilarar men flyttar oss til ein ny lokalisasjon.
Videre kursing i jaktteknikker på pilarer.
Siste dag med organisert fridykking. Enten reiser vi tilbake til førstedags-bru, ellers prøver vi oss på ein ny spot. Mesteparten av denne dag foregår ganske fritt, med personlig oppfølgning fra instruktøren. Dagen har som mål å praktisere mest mogleg av innhaldet frå tidligare dagar.
Under kveldens middag vil instruktører gi ein oppmerksomheit innanfor 3 kategoriar:
Beste fangst, mest variert fangst og ukas dykkebuddy.
Nedpakking, frukost og utvask. Plan om å reise frå Rekdal seinast kl. 11:00.