Søk

@ Engelsk flagg

Toppturweekend på Kilsti Compact Lodge

Tips!

Aktivitetar

Naturnær luksus på Kilsti Compact Lodge

3 dagar

Middels

15+

14500

Med overnatting på nyopna Kilsti Compact Lodge og skikøyring i verdsklasse rett utanfor døra, er dette ein populær skihelg!

To dager med topptur med base på det grønne og lukrativ microhotellet som ligg på ei fjellhylle over Storfjorden. Skikjøring med fjordutsikt, overnatting i glasshytter, kortreist mat, og sauna med fjordutsikt er nokon av stikkorda for helga. Kvar hytte har også utepeis, og er vi riktig heldige kan nordlyset opplevast!

På Kilsti kan du sjekke inn frå kl 15:00 fredag, og for å få mest mogleg ut av opphaldet anbefalar vi å benytte seg av tidleg innsjekk fredag. Forutanom dei guida turane har deltakarane mogleghet til å disponere tida som ønskeleg. Det er med andre ord ei helg som legg tilrette for opplading av batteri og sosialt samvær!

Laurdag og søndag er det guida toppturar med start kl 09:00. Våre lokale guidar er lommekjent i området tek deg med til den beste snøen i regionen.

Velkommen til ei helg du seint vil gløyme!


Nyttig info

Denne helga med toppturar passar for dei med erfaring frå topptur frå før, men det krev ikkje ekspertnivå. Turane blir lagt opp etter gruppa sin tidligare erfaring. Det unike med denne toppturhelga er luksusen ein kan få oppleve på Kilsti Compact Lodge. Kombinasjonen med topptur og Kilsti gjer denne helga heilt spesiell, og er ei perfekt flukt frå ein travel kvardag! Aldersgrense på turen er 15 år, og dei under 18 må vær i følge med ein foresatt.

  • 2 dagar med topptur med erfaren og lokal NF skredinstruktør
  • 2 x overnatting på Kilsti Compact Lodge
  • VIEN lokalmatkasse med alle måltider
  • Tilgang på badstove med fjordutsikt

  • Transport
  • Snacks og alkohol

  • Ski/splitboard med gå funksjon
  • Ski/snowboard støvlar med gå funksjon
  • Stavar
  • Sendar/mottakar (kan leigast)
  • Spade (kan leigast)
  • Søkestang (kan leigast)
  • Feller
  • Hjelm
  • Skalljakke + Skallbukse
  • Dunjakke + ekstra lag
  • (Speilkompass) -kkje obligatoriskt)
  • Skibriller
  • (Vindsekk) - ikkje obligatorisk
  • Sekk 35+ liter
  • Ekstra hanskar
  • Snacks
  • Alkohol om du vil nyte ei forran utepeisen etter ein fin skidag

Kilsti Compact Lodge opna sitt klyngetun av glasshytter i februar 2021. Hyttene er plassert på tomta til ein tidligare forfallen fjellgard, med panoramautsikt utover Storfjoden og verdsarvområdet Geiranger - Tafjord. På Kilsti Compact Lodge (KCL) er det totalt 3 glasshytter med kapasitet til to personar i kvar hytte. Ei hytte består av ett soverom, stove, kjøkken og bad. I tillegg til unik plassering gir eit opphald på Kilsti eit avslappande og komfortabelt møte med natur-og kulturarv. Kilsti har ingen restaurant, men tilbyr matkasser frå ein lokal kokk til sine gjester. Eigarane av staden har eit stort fokus på at hotellet skal gi ei oppleving og skape verdiskapning lokalt.

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.