Søk

@ Engelsk flagg

Splitboardkurs for nybegynnarar

Tips!

Aktivitetar

Toppturkurs med splitboard

1 dag

Middels

13+

1650

Læringsmål

  • Nødvendig splitboardutstyrt: kjennskap, bruk og funksjon.
  • Skredutstyr: Kva treng vi? Og korleis fungerar det?
  • Kameratsjekk og kameratredning
  • Vurdering av splitboardterreng
  • Gå- og kjørefunksjon

Å gå topptur med splitboard er ikkje alltid like enkelt som med ski. Eit splitta brett har ulike eigenskapar enn ei ski, og kan tidvis gi toppturen ei ekstra utfordring. Dette kurset tek for seg bruk og vedlikehald av splitboardutstyr, kjøreteknikk, gåteknikk, samt terrengfaktorar som kan være til utfordring for splitboarderar på topptur. Både innmars, nedkjøring og rutevalg opp kan tidvis være annleis for ein på splitboard.

Hovedfokuset på kurset er gjennomgang av nødvendig utstyr for topptur, ulike gåteknikkar, terrengvurdering med hensyn til splitboard, samt innføring i kameratredning og kameratsjekk. Kurset er tiltenkt snowboarderar som no vurderar å ta steget ut på topptur, og splitte. Kurset passar dei med liten eller ingen erfaring frå før, og går føre seg i eit trygt, inspirerande og komfortabelt miljø.

Kurset vil bli gjennomført ved Fjellsætra, Strandafjellet, Liabygda eller Stordalen. Kva lokalisasjon det blir vil avhenge av kvar deltakarane kjem frå, vær og føre. Kurset varar i ca. 6 timar.

Nyttig info

Kurset er tiltenkt nybegynnerar på splitboard. Målet med kurset er å få ein introduksjon til topptur med splitboard som aktivitet, og bli kjent med nødvendig utstyr. Vi anbefalar sjølvsagt alle å gjennomføre eit grunnleggande skredkurs på sikt, men for å ikke bite over for mykje informasjon på ein gong, er dagskurs ein god start med splitboard. Det er ein forutsetnad at ein beherskar brettkjøring da dette ikkje tek for seg opplæring innan brettkjøring. Aldergrense på kurset er 13 år med tillatelse frå foresatt.

  • Splitboardinstruktør
  • Fellesutstyr
  • Førstehjelp- og sikkerhetsutstyr

  • Transport til/fra startpunkt
  • Personleg utstyr nevnt under (mulig å leige skredutstyr)
  • Mat og drikke
  • Overnatting

  • Ski/splitboard
  • Ski/snowboard støvlar
  • Stavar
  • Sendar/mottakar (kan leigast)
  • Spade (kan leigast)
  • Søkestang (kan leigast)
  • Feller
  • Hjelm
  • Skibriller
  • Sekk 35+ liter
  • Dunjakke + extra lag
  • Ekstra hanskar
  • Matpakke
  • Vann/te/kaffe
  • Skalljakke
  • Skallbukse

Kurset kan organiserast for private grupper/skuleklassar; minimuspris 6000 kr/ eller 4 deltakera.

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.