Søk

@ Engelsk flagg

Toppturkurs for nybegynnarar

Tips!

Aktivitetar

Introduksjon til topptur

1 dag

Middels

13+

1650

Læringsmål

  • Nødvendig toppturutstyr: bruk av ski, feller, staver, støvler.
  • Skredutstyr: Kva treng vi? og korleis fungerar det?
  • Kameratredning
  • Sving og gå teknikk
  • Grunnleggende skredkunnskaper

Kurset tek for seg bruk av utstyr, frikjøringsteknikk, gåteknikk, pakking av sekk og enkle sikkerheitsrutiner relatert til skred. Toppturkurs skiller seg frå et grunnleggende skredkurs ved at hovedfokuset er på skiferdselsaktiviteten, framfor snø- og skredkunnskap. Kurset er tiltenkt nybegynnerar som har lite erfaring med topptur frå før, i eit trygt, inspirerande og komfortabelt miljø.

Kvart kurs vil ha fleksibel lokalisasjon. Dette er for å tilrettelegge etter best mogleg snøforhald. Kurset vil være maksimalt 1 time frå Ålesund i fjella rundt Stordal/Liabygda. Kvar kursdag varar i ca. 6 timar.

Både splitboarderar og skikøyrerar er velkommen på våre kurs.


På 1-dags kurs er fokus på bruk av utstyr, gå og skiteknikk, og forståelse for skredterreng.

På 2-dagers kurs går vi og igjennom grunnleggende turplanlegging for toppturer

Nyttig info

Kurset er tiltenkt nybegynnerar. Målet med kurset er å få ein introduksjon til topptur som aktivitet, og bli kjent med nødvendig utstyr. Vi anbefalar sjølvsagt alle å gjennomføre et grunnleggande skredkurs, men for å ikke bite over for mykje informasjon på ein gong er dagskurs ein god start på toppturkarriera. 2-dagers kurs anbefales deg som har tenkt deg på skredkurs i framtida. Aldergrense på kurset er 13 år med tillatelse frå foresatt.

  • Utdanna instruktør (NF Skredinstruktør)
  • Førstehjelp- og sikkerhetsutstyr
  • Skredutstyr (hvis du ikkje har)

  • Transport til/fra startpunkt
  • Personleg utstyr nevnt under (mulig og leie ski og skred utstyr)
  • Mat og drikke
  • Overnatting

  • Ski/splitboard (kan leigast)
  • Ski/snowboard støvlar (kan leigast)
  • Stavar (kan leigast)
  • Sendar/mottakar (kan leigast)
  • Spade (kan leigast)
  • Søkestang (kan leigast)
  • Feller (kan leigast)
  • Hjelm
  • Skibriller
  • Sekk 35+ liter
  • Dunjakke + extra lag
  • Ekstra hanskar
  • Matpakke
  • Vann/te/kaffe
  • Skalljakke
  • Skallbukse

Kurset kan organiserast for private grupper/skuleklassar; minimuspris 6000 kr/ 4 deltakera.

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.