Søk

@ Engelsk flagg

Indrefileten av Sunnmøre

Tips!

Aktivitetar

All-inclusive gjennom Sunnmøres perler

6 dager

Middels

15+

23500

HØGDEPUNKT

  • Fottur i Sunnmørsalpane og bestigning av Slogen

  • Kajakktur på den ukjente verdsarvfjorden Tafjord

  • Lokal lunsj buffé på Noregs største tradisjonelle seterdrift: Herdalssetra

  • Rutevalg utanfor tursitmassene

Vi møtast i fiskerihovudstaden Ålesund for ein lokalfersk middag første dag! Ålesund er kjend for sin unike arkitektur art nouveau og store fiskeindustri. Kontrasten er enorm i denne regionen. Ålesund har eit ope landskap med fleire sjarmerande øyer og sandstrender like i nærleiken, medan vi på turen beveger oss innover i dei tronge fjordane der alpine tindar stuper i fjorden. Frå Ålesund beveger vi oss på lokale stiar både i terrenget og i historia.

Nyttig info

  • Padleutstyr, førstehjelp og tryggleiksutstyr
  • Fullpensjon innanfor turprogrammet
  • Transport innanfor turprogrammet
  • Erfaren guide med mykje lokalkunnskap

  • Transport til oppmøte/turslutt
  • Alkohol og snacks
  • Reise- og ulykkeforsikring

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.

DAG-FOR-DAG Program

Gaiden møter gruppa i resepsjonen på Hotel Brosundet i Ålesund kl. 18:00. Her blir det eit kort informasjonsmøte, før heile gruppa går samla til ein av våre favorittrestaurantar i Ålesund for ein tradisjonsrik treretters middag. Denne middagen er det berre å glede seg til!

Ålesund er kjend som Noregs fiskerihovudstad, og bygningane er verdskjende for sin unike jugendstil. For dei som ønsker å bli betre kjend med Ålesund som by, vil vi anbefale dykk å kome tidlegare til Ålesund for å ta ein fottur opp til Fjellstua, eller ein gåtur til Sukkertoppen for å få ei nydeleg utsikt over byen og øyene rundt.

Inkludert: Overnatting | Middag

Etter frukost vil vi bli transportert frå Hotell Brosundet til startpunktet for turen og dei ville Sunnmørsalpane. Dagens destinasjon er den sjølvbetente DNT-hytta: Patchellhytta. Denne hytta var opphavleg ei hytte som britiske klatrarar brukte som base-camp under sine store klatreekspedsisjonar i regionen for over 100 år sidan. Plasseringa er fantastisk med dronninga av Sunnmørsalpane, Slogen, rett utanfor døra. Til Patchellhytta vil vi ikkje gå normalvegen, men via ein mindre kjent og vakrare rute med ein avstikkar opp på en topp vi ikkje nemner. Er vi heldige kan vi også få oppleve nordlyset denne kvelden! September er ein av dei mest aktive nordlysmånadane, og når vi kjem oss bort frå sivilisert lys aukar sjansane!

Inkludert: Overnatting | Frukost | Lunsj | Middag

I dag skal sjølvaste Slogen, dronninga av Sunnmørsalpane, bestigast! Rett frå døra startar vi på den 3 km lange stigninga opp til toppen av Slogen. Stien blir gradvis meir krevjande, og vi tek oss derfor god tid oppover både for å auke sjansen for å nå toppen, men også for å ta oss tid til å nyte ei av Sunnmøre sine vakraste utsikter. Frå Slogen følgjer vi den berømte “Slogråsa” rett ned til fjorden. Skulle vêret ikkje klaffe, har vi ei alternativ rute ned til fjorden som ofte blir gløymd når Slogen vert omtalt. Nede ved bilveien blir vi henta og transportert til sjarmerande Petrines Gjestegiveri.

Inkludert: Overnatting | Frukost | Lunsj | Middag

I dag går turen vidare til Vestnorsk Fjordlandskap, nærmare bestemt romantiske Norddal og Kallskaret Naturreservat. Frå Øye blir vi henta av privat transport som tek oss vidare gjennom ville Norangsdalen og Geirangerfjorden til Norddal. I den romantiske bygda svingar ein gammal seterveg seg framover dalen til Noregs største aktive tradisjonelle seterdrift. Setra ligg ca. midtvegs på dagens etappe og her vil vi få servert eigenproduserte produkt før omvising på den vel bevarte seterdrifta. Å smake på gamle tradisjonar i tradisjonelle element gjer denne etappen til ein av våre favorittar. Etter besøket på Herdalssetra bevegar vi oss vidare inn i fjellet på historiske stiar til Tafjord og eit nært møte med den unike monolitten “Kallen”. Turen over Kallskaret er ca. 9 km lang og 550 høgdemeter.

I Tafjord ventar eitt av Sunnmøre sine mest sjarmerande gjestehus der vi får heile bygget for oss sjølve dei neste to dagane. Eitt opphald på Olagarden er som å kome 100 år tilbake i tid, og vi gleder oss alltid til besøk her.

Inkludert: Overnatting | Frukost | Lunsj | Middag

I dag skal vi utforske den norske verdsarven frå ein kajakk. Frå overnattingsstaden tuslar vi rett ned til fjorden for å møte ein kajakkinstruktør. Tafjorden ligg godt beskytta med 1000-meter toppar på alle kantar, og vi har derfor også fine padleforhold på fjorden. Vi meiner at ein ikkje har sett heile Sunnmøre før ein også har padla nær naturen frå ein kajakk .

Inkludert: Overnatting | Frukost | Lunsj | Middag

Den siste dagen i vårt seks dagar lange eventyr, og det er tid til å ta farvel med nye vener. Vi trur naturen får det beste ut av mennesket, og du vil bli overraska over kor mykje turkompisar kan bety etter kort tid. Turen blir avslutta på Åndalsnes, og vi anbefaler alle å ta ein av Europas vakraste togturar, Raumabana, tilbake til Oslo.

Inkludert: Frukost | Lunsj |