Tips!
Sjå bileter frå tidligare turar.
2 dager
Middels
15+
3250
Dette kurset er for deg som vil bli tryggare på turar i vinterfjellet, enten du gjeng topptur eller fjellskitur. Kurset gir deg tradisjonelle og digitale verktøy til planlegging og gjennomføring av tur etter evne og snøforhald. I tillegg vil du få ein grundig gjennomgang av kameratredning, dersom uhellet er ute!
Under kurset må deltakarane bruke toppturski, eller splitboard, men skredkunnskapen frå kurset kan overførast til all ferdsel på snø. Vi er fleksibel på lokasjon for å tilpasse oss etter kor deltakarane kjem frå, men også for å finne dei beste forhalde for kurslæring. Kvar kursdag varar i ca. 7 timar.
Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og bestillings vilkår før du bestiller tur.