Søk

@ Engelsk flagg

Privat guida topptur

Tips!

Aktivitetar

Topptur for private grupper

8 timar

Middels

13+

1000

Dagstur med guide i Sunnmørsalpane. Våre lokale skiguidar er lommekjent og tek deg med til dei gode plassane hvor den beste snøen er å finne. Å ta med guide aukar også sikkerheita, og gjer at du får meir ut av turen. Alle våre skiguidar er utdanna innan skredstigen i Norsk Fjellsport. Skredutstyr kan leigast ved behov og er påkrevd på tur med oss.

Pris varierer avhengig av antall deltakere og vanskligheitsgrad på turmål. Ein "klassisk topptur" for maks 6 personar kostar 6000 kr for privat gruppe.

Ønsker du eller dokke turar over fleire dagar inklusiv overnatting, so skreddarsyr vi eit opplegg. Vi har gode samarbeidsavtalar i området, og kan tilrettelegge etter ønske og behov.

Nyttig info

Turane vi går vil bli lagt opp etter gruppa sine føresetnader og ønske, det er derfor ingen krav til fysisk form. Det er ein fordel om ein har kjennskap til topptur som aktivitet frå før, men guiden vil gå igjennom grunnleggande sikkerheitsrutiner ved oppmøte. Det er anbefalt på eit minimum å ha greie ferdigheter med skikjøring i skisenter fra før. Ein guida tur passar for deg som ønsker å få mest mogleg ut av toppturar på Sunnmøre, gjennom kunnskap om lokale forhald og auka tryggheit på tur.

  • Utdanna skiguide/skredinstruktør
  • Skredutstyr ved behov
  • Ski utstyr mot et tillegg i pris

  • Transport til og fra turstart
  • Mat og drikke
  • Reise og ulykkesforsikring

  • Ski med gåmodus/Splitboard, støvler, stavar, feller og sekk (kan leigast)
  • Skredutstyr; Sender/Mottaker, Spade, Søkestang (kan leigast)
  • Skalljakke og bukser
  • Ullundertøy, mellomlag, + dun jakke
  • Mat og drikke til turen
  • Hjelm
  • Sol og ski -briller
  • Sitteunderlag
  • Vindsekk (anbefalt)
  • Første hjelp kit (anbefalt)

Vi tilbyr skredkurs og toppturkurs for nybegynnera viss dokke har liten eller ingen erfaring fra randonee/topptur på ski frå før. Dette kan vi eventuelt bake inn i ein "pakke".

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.