Søk

@ Engelsk flagg

Hjortesafari - Brølebukk

Tips!

Aktivitetar

Urnorsk, mektig og eksklusivt

3 timar

Lett

12+

1750

Ei oppleving av dei sjeldne som du seint vil gløyme. Eit tidsbegrensa produkt som kun er mogleg i 3 veker kvart år.

"Å få moglegheiten til å få observere eit av våre villaste og mest majestetiske hjortedyr på nært hald er ei oppleving ein aldri gløymer. Kroppen brusar av adrenalin, og alle sansar er skjerpa for å være i eit med naturen. På lik linje som dyra, er alle sansa skrudd på, og urmennesket i oss vaknar når storbukken svarar med sitt grove, ruskete og desperate brøl. Når han lydlaust kjem med sine elegante bevegelsar nærmare og nærmare for å sjå etter utfordrarbukken som ikkje fins, har eg nok med å sitte heilt i ro å puste. Det ikkje berre ei oppleving i naturen, men med naturen."

Gunnar Garfors tok turen til Tafjord hausten 2021 for å bli med på denne unike opplevinga; brølebukksafari. Du kan lese meir om korleis han opplevde denne ukjente opplevelse i boka "Bortom allfarveg Vestlandet".

Turen startar og sluttar på vår i Tafjorden. Tidspunkt for oppmøte vil bli avtalt dagen i forkant for å ta høgde for aktiviteten i hjortelia. Turen kan enten gjennomførast tidlig på morgonen, eller på ettermiddag. Ved oppmøte vil vi først gå igjennom kva vi kan gjer for å auke eigen sjanse for å møte storbukken. Når vi først bevegar oss ut i terrenget må vi prøve være so lydlaus som mogleg, og vi brukar derfor litt tid ved oppmøte på kunnskapsformidling om hjort og deira væremåte.

Sjølve turen ut i skogen varar i maks 2,5 time, og er svært lite krevande då vi bevegar oss seint i terrenget.

Når Gunnar var på besøk hjå oss avslutta vi brølebukkturen med tre retters middag av Tafjord-hjort, og overnatting i Olagarden. Personleg sa han dette var eit heilheitleg produkt i seg sjølv. Middag og overnatting i Olagarden kan arrangerast på forespørsel for private grupper.

Pris 1-2 personer 6000 kr/3-4 personer 7000 kr (maksimalt med 4 personer)

Nyttig info

Aldergrense 12 år i følge med ein vaksen. Sjøve turen i skogen er fysisk lett, men det kreve at ein mestrar å gå i terreng utanfor tursti. Denne opplevinga er eit eksklusivt og tidsbegrensa tilbod i Norge som ikkje mange har kompetanse eller terreng til å tilby. For best mogleg sjans kan vi ikkje være fleir enn 4 deltakarar maks. Vi anbefalar alle som ønsker å få oppleve ein hjortebukk sitt grove parringsbrøl å være tidleg ute med bestilling for å sikre seg plass.

  • Lokal guide/jeger
  • Personleg utstyr: "brølert", haudelykt og sitteunderlag
  • Sikkerheit og instruksjon

  • Transport til/frå startpunkt

  • Godt fottøy (går utanfor sti)
  • Vind/vanntett jakke
  • Hue og hanskar
  • Varme klede (lavt aktivitetsnivå)
  • Kamera

Turen startar og sluttar på vår base i Tafjord. Her vil det være muligheit til å skifte, lagre eigendelar trygt, samt ta ein dusj etter endt tur ved behov. Husk å opplys ved bestilling om dokke ønsker formiddag eller ettermiddag safari.

Ta direkte kontakt med oss om du/dokke har behov for transport mellom Tafjord - Ålesund. Dette kan vi være behjelpelig med.

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.