Søk

@ Engelskalt=

Familietur på Tafjorden

Tips!

Aktivitetar

Fossefall og niser på UNESCO Tafjorden

4 timar

Lett

5+

1250

Ein 4 timers kajakktur på Tafjorden som blir skreddarsydd for familiar, vennegjengen eller andre private grupper!

Ein personlig og spennande måte å oppleve kajakkpadling med familien. Tafjorden har ofte mykje niser, og er eit populært syn både for store og små. I tillegg vil vi padle på trygg avstand til mektige fossar, og skulle det være ønske å kjenne på badetemperaturen veit vi om den perfekte badeplassen. Historier frå Tafjorden, Tafjordulykka og bjørnejegera i fjellheimen er sjølvklart noko av underhaldinga i tillegg til kajakkaktivitet.

Oppmøte kl 10:00 på vår base på Tafjord kai, Sjoavegen 21.

Nyttig info

Aldergrense 5 år i følge med ein vaksen. Dei mellom 13-18 år kan bli med på turen uten følge av vaken, men med skriftleg tillatelse. Det krev ingen krav til kurs eller tidligare erfaring med kajakk før påmelding. Guiden vil i forkant av turen gå igjennom grunnleggande sikkerheitsrutiner. Turen blir gjennomført med doble kajakkar, og sjølve turen vil bli tilpasse gruppa sin forutsettingar.

Dersom du ønsker en lengre dagstur med kajakk kan vi anbefale å sjekke ut vår tur "Tafjorden Explorer".

Vi har også SUP-brett som kan benyttast på denne turen. Dette må dokke evt. opplyse om ved bestilling.

  • Lokal lunsj servert i det fri
  • Nødvendig kajakkutstyr
  • Vest, neoprensko og hanskar
  • Guide (NPF Aktivitetsleder Kajakk)
  • Sikkerheit og fellesutstyr

  • Transport til/frå startpunkt

  • Vannflaske
  • T-skjorte/ulltrøye
  • Vind/vanntett jakke
  • Shorts/stillongs
  • Vanntett pakkpose
  • (Badekle)

Turen startar og sluttar på vår base i Tafjord. Her vil det være muligheit til å skifte, lagre eigendelar trygt, samt ta ein dusj etter endt tur.

Ta kontakt med oss om du/dokke har behov for transport mellom Tafjord og Valldal. Dette kan vi være behjelpelig med.

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.