Søk

@ Engelsk flagg

Grunnleggande skredkurs

Tips!

Aktivitetar

Velkommen til 2-dagers grunnkurs skred med Ræin!

2 dagar

Middels

15+

3250

Dette kurset er for deg som vil bli tryggare på turar i vinterfjellet, enten du gjeng topptur eller fjellskitur. Kurset gir deg tradisjonelle og digitale verktøy til planlegging og gjennomføring av tur etter evne og snøforhald. I tillegg vil du få ein grundig gjennomgang av kameratredning, dersom uhellet er ute!

Under kurset må deltakarane bruke toppturski, eller splitboard, men skredkunnskapen frå kurset kan overførast til all ferdsel på snø.

Kurset blir gjennomført enten i nærheten av Sykkylven, eller Stordalen. Vi er fleksibel på lokasjon for å tilpasse oss etter kor deltakarane kjem frå, men også for å finne dei beste forhalde for kurslæring. Kvar kursdag varar i ca. 7 timar.

Nyttig info

Dette kurset passer for deg som ønsker å lære meir om skred for å ta tryggare valg i vinterfjellet. Kurset passar for deg som har gått litt topptur før, som for deg som har fleire år med toppturar som “fripassasjer”. Kunnskap innan skred, snøforhald og kameratredning er ei ferskvare, og alle som ferdast i bratt terreng bør være trygg på grunnleggande skredkunnskap og kameratredning. Et grunnkurs skred kan derfor både gi ny kunnskap eller friske opp forelda kunnskap! Aldersgrensa for kurset er 18 år, men mellom 16-18 år kan delta med samtykke frå foresatte.

Er du usikker på om kurset passar deg? Ta kontakt.

  • NF utdanna skredinstruktør
  • Førstehjelp- og sikkerhetsutstyr
  • Kart over området
  • Forberedande skredhefte

  • Personleg utstyr nevnt under
  • Transport til/fra startpunkt
  • Overnatting

  • Ski/splitboard med gå funksjon
  • Ski/snowboard støvlar med gå funksjon
  • Stavar
  • Sendar/mottakar (kan leigast)
  • Spade (kan leigast)
  • Søkestang (kan leigast)
  • Feller
  • Hjelm
  • Speilkompass (ikkje obligatoriskt)
  • Skibriller
  • (Vindsekk) - ikkje obligatorisk
  • Sekk 35+ liter
  • Dunjakke + extra lag
  • Ekstra hanskar
  • Matpakke + drikke
  • Skalljakke + Skallbukse

Online booking stenger tre døgn i forkant - ta direkte kontakt for å høre om vi framleis har ledige plassar dersom du får beskjed om at bookingen er stengt/fullbooka.

Vi har skredutstyr til utleige for våre deltakera.

Guiden vil til alle tider ha gruppa sin tryggleik som førsteprioritet. Dette tyder at vêr, vind eller føre alltid vil legge føring for om turen vil kunne følgje planlagt rute eller ikkje. Skulle forhalda bli for dårleg til gjennomføring og turen blir kansellert på våre vegne, vil du som gjest ha moglegheit til å flytte turen eller full refusjon. Les gjennom våre sikkerheitsreglar og vilkår før du bestiller tur.

DAG-FOR-DAG Program

  • Oppmøte og intro til Skred-triangelen
  • Kort gjennomgang av teori med turplanlegging
  • Utstyr
  • Kameratsjekk
  • Kameratredning
  • Skredterreng; turplanlegging og rutevalg
  • Deltakara brukar dagens læringsmål til planlegging av morgondagens tur.

  • Den menneskelege faktoren
  • Praktisk gjennomgang av gårdagen
  • Individuelle vurderingar og diskusjon
  • Repetisjon av kameratreddning